Metal Storm logo
Skuggsjá - A Piece For Mind & Mirror lyrics



Tracks



01. Intro: Ull Kjem

Dette var eit land, lenge før det var eit land

Før me kom, bygga og sleit det ned

Hova reiste seg, og hjarta brann

Me lytta, ofra og søkte fred

Deit bygde hus i hjarta sine
til mi søster, bror, min far og mi mor

Dei gjorde vinteren trygg for meg og min
haldt liv i flammen of frøa i jord

Nye tankar kom med sverd og kniv
om at mange skulle bli en

Fri og dauden, eller trell og liv,
og no er natta her, og timen sein

02. Skuggsjá

Tid er å teie
Til togna tru seg
I spegelen spyrje
I spegelen sjå

Høgt me har klatra - i rotrlaust tre
Høgt me har timbra - på grunlaus voll
Tåka tetnar - alt er kvitt
Tåka tetnar - alt er svart

Skuggsjá - eg ser deg i meg
Stien klarnar
i atturljom - du visar veg
togna talar

Skuggsjá - eg ser deg i meg
Viljen vakar
I atturljom - du visar veg
Hugen hugsar

Tid er å tale
Tre ut or tåka
For sanninga stride
For sanninga stå

Hugs han som tvinga si truMed kross og kniv
Hugs han som tvinga si tru
Med sverd og svik

Med tusen års styrke - eg seier
Med tusen års styrke - eg syng
Skuggsjá - eg ser deg i meg
Kvil i nid
I atturljom - du visar veg
Kvil i nid
Skuggsjá - eg ser deg i meg
I atturljom - du visar veg
Kvil i nid

03. Makta Og Vanæra, For All Tid

"Ingen pliktar å velje ei einsleg sanning
Men ein skuldar seg sjølv å sjå
Med åpne augo
Bak alle dører
Og bak dei mørke forheng
Korfra svart skodde sig
Også desse hjørna må vitjas
Før ein kan sei ein har vald
Spegelen gjer tilbake
Alt som er gjeven
Og fortel ingenting
Om flata alt er måla
Den som tek vekk det levde
Som set inn det skrevne
Må sjå sitt minne døy for Sterkare penn"

Der mange såg
Skal no ein blind leie
(I di tid)
Der elskande lo
Skal no dei gamle sørga
(I ditt namn)
At jorda rik av dauden vert
Er ikkje lengre hevda
(I di soge)
Tørka opp og gjøymd vekk
Mørkrets hemmelege gåver
(I di kyrkje)

Dei ber fram
Ein far for alle borna
(I di tid)
Ein som gløymer dei
Som ikkje herskar
(I ditt namn)
Sjå, dei gøymer seg
Bak flammar og klede
(I di soge)
Og sanninga vert knyta
Til hengeløkker
(I di kyrkje)

Makta og vanæra
I all tid
Er di, og (du) er gløymd
For all tid

Høyr tekstar om vern og skjold
Gjeld berre eiga makt
(I di tid)
Dei bygga tårn av lika

For nærare å komme
(I ditt namn)
Ein vinnar i ord
Av slag som aldri sto
(I di soge)
Ein tenar i svovel
Ein herskar i kjøt
(I di kyrkje)

Dei vil så gjerne sjå
Og blindast av ljoset
(I di tid)
Sleper på et arv
Som ingen ville ha
(I ditt namn)
Kjenner ikkje att
Sitt eige indre eg
(I di soge)
Fryktar for skugge
Og fryktar for spegl
(I di kyrkje)

Makta og vanæra
I all tid
Er di, og (du) er gløymd
For all tid

04. Tore Hund

Ørna har stupt
i gløym-svevn kvilar
Kråka har kraksa i ørnereiret
Trudd seg orna lik

Gjetord gjevt
vann du aldri
låk var din løn
Brottkongens bane

Folket fylka
Flokkar fyl-g-de
Uår trossa
Bondebærs brande!

Fram fram Bondemenn!
Tore Hund han ris igjen!
Fram fram Bondemenn!
or gløym-svevn han ris igjen!

Sjølv etter han døde
nyt nidkongen føde
matar seg mett
på makt og visdomsøde

renkjespelt rykte
fekk vekse fram
fordummande veldet
forstummande veldet

tre utan næring
rotnar på rot
tre utan rot
?fell

Fram fram Bondemenn!
Tore Hund han ris igjen!
Fram fram Bondemenn!
or gløym-svevn han ris igjen!

05. Rop Fra Røynda - Mælt Fra Minne

Svarte vingar
flyg i ringar
hugen hastar
vil i veg, vil ut og fram

Høyr - ravnegala
rop frå røynda
frå kjømda kallar
tankars vekst av tankar veks

Høyr - korpekalla
gala frå glømsla
mælt frå minni
Djupt og inst inn i dei gjel

Om eg veljer
vrir og vender
om eg vågar
spør og sender -sjå eg veks

06. Skuggeslåtten

Instrumental

07. Kvervandi

Liv av kvar ein død,
død av kvart eit liv.
Liv av kvar ein død,
død av kvart eit liv

Hjulet syng om ringar,
ikkje linjar.

Solsultne vargar,
drøsular jagast.
Skinande Sol! 1
Kvervande hjul!

Liv av kvar ein død,
død av kvart eit liv.

Deg sjølv gjeven deg sjølv
i eit vindhalt tre,
kunnskap krevjar det. 2

Nornar, spinn!
Lagnad, vinn!
Kvernar, mal!
Hanar, gal!
Hagal, høgg!
Is bli vann!
Hjarte slå!
Akre så!
Kvart eit pust,
kvart eit slag,
kvar ein dag kjem på ny!
Kvervandi
Kvervandi

Or gap Ginnunga
du er, du var, du vert, du vinn, du veks!
Du vaknar!
Du vaknar!

Liv av kvar ein død,
død av kvart eit liv.

08. Vitkispá

Hljóðs bið ek allar helgar kindir,
meiri ok minni mögu Heimdallar;
viltu, at ek, Valföðr! vel framtelja
forn spjöll fíra, þau er fremst um man.

Þá gengu regin öll á rökstóla,
ginnheilug goð, ok um þat gættusk;
(á gengust eiðar, orð ok s?ri,
mál öll meginlig er á meðal fóru.)

Sól tér sortna, sígr fold í mar,
hverfa af himni heiðar stjörnur;
geisar eimi ok aldrnari,
leikr hár hiti við himin sjalfan.

Þá gengu regin öll á rökstóla,
ginnheilug goð, ok um þat gættusk;
(Skelfr Yggdrasils askr standandi,
ymr it aldna tré, en jötunn losnar.)

Geyr nú Garmr mjök fyr Gnipahelli,
festr mun slitna en freki renna;
fjölð veit ek fræða, fram sé ek lengra
um ragna rök römm sigtíva.

Bræðr munu berjask ok at bönum verðask,
munu systrungar sifjum spilla;
Skelfr Yggdrasils askr standandi,
ymr it aldna tré, en jötunn losnar.

Sér hon upp koma öðru sinni
jörð ór ægi iðjagræna;
falla forsar, flýgr örn yfir,
sá er á fjalli fiska veiðir.

Sal sér hon standa sólu fegra,
gulli þakðan á Gimléi;
þar skulu dyggvar dróttir byggja
ok um aldrdaga ynðis njóta.

09. Bøn Om Ending, Bøn Om Byrjing

No har siste blome sprunge ut
Det finst kraft i svartbrend jord
No har den siste kjelda tørka
Det finst berre daud att i berg og stein

Eldsønene trampar ut av Ur-heim
Dei som skapa skal riva ned
Lenkjene smuldrar, latteren gjallar
Eiteren renn i frå ormens gap

Vargen gøyr mot den hengte gud
Visdom kan ikkje brista hat
Kjærleiken kvelesti flammar frå sør
Daudens nagl skrapar i panna

Det som vart gøymd vekk, det veltar no fram
Den frie tanke og indre auge
Som volva sa skal vi kjempa og døy
Vårt ekko skal ljome i tida

Høyr vår Ulvetone
Heilt til Utgard berast han fram
Og la sola sveljast heil
Og la markast dyrkast opp på ny

Tankane har råtna
Og buskapen den svelt i hjel
So lat lenka slitast av
Så åkranem spirar på nytt

Dei trør på Gudekvinna
Dei slaktar utan sult
Lat det heile brenne ned
Høyr skogen pustar på nytt

Makta føre hjarta
Eigen sømm før æra si
Ingenting til Ingenting
Lat oss fødast på ny

På ny
På ny
På ny
På ny

10. Outro: Ull Gjekk

Spelemannens tonar lurer
Minner om ein stad
Langt der nede, vekke
Lat oss lokkast, lat oss springe
Kom, bli med i natta
Djupare inn i skogen
Kor naturen kviskrar
På språk ingen lenger bøyrer

''Menneskeborna - dei vart vår bane
Me ga dykk de trengde
Me skaff ly og me skaffa liv
Guden i steinen er no taus